WHO anbefaler at alle med luftveissymptom testast. Noreg er mellom dei landa som testa flest i forhold til innbyggjartal. Blant dei som er testa i Noreg til no, har 95 prosent fått negativt prøvesvar.

For å sikre at helseressursar og testkapasitet brukast best mogleg, er det nødvendig å presisere at personar utan symptom ikkje skal testast. Vidare presiserast det no at helsepersonell med milde symptom kan sjå an symptoma i to døgn før dei testast. Gruppa av sårbare personer er også betre definert.

Desse gruppene bør prioriterast for testing: 

Dei som har akutt luftvegsinfeksjon med feber, hoste eller kortpustaheit og som samstundes:   

  • Har behov for innlegging. 
  • Er pasient eller bur i ein helseinstitusjon.  
  • Er tilsett i helsetenesta med pasientnært arbeid. Denne gruppa kan vurderast for testing også ved mildare akutte luftvegssymptom som har vart over 2 døgn (medan dei held seg heime).
  • Er over 65 år og har underliggande, kronisk sjukdom (som hjarte-karsjukdom, diabetes, kronisk lungesjukdom, kreft og høgt blodtrykk).  
  • Har vore i nærkontakt med ein person som har stadfesta koronavirussjukdom (covid-19). (Denne gruppa kan om nødvendig nedprioriterast ved mangel på kapasitet).

Kven bør ikkje prioriterast?

  • Personar utan symptom skal IKKJE testast for covid-19.
  • Personar som har lettare akutt luftvegsinfeksjon, får vanlegvis ikkje tilbod om test, heller ikkje etter reise. Dei skal halde seg heime til ein dag etter symptomfridom. Lettare akutt luftvegsinfeksjon kan for eksempel vere ei forkjøling eller vond i hals. 

Det kan gjerast unntak og lokale tilpassingar.  

Forkjøla?

Alle med symptom på luftvegsinfeksjon skal halde seg heime. Det er ikkje kapasitet til å teste heile denne store gruppa, og dei aller fleste har ikkje covid- 19.

– Fordi vi ikkje kan vite sikkert kven som er smitta, anbefaler vi at alle held seg heime til eitt døgn etter symptomfridom, seier overlege Trude Arnesen ved Folkehelseinstituttet.

Sjå kapittel i koronarettleiaren: Testing og disgnostikk