Nye personvernreglar i 2018

Norge og EU har innført nye personvernreglar frå 2018 og dei nye reglane seier at alle offentlege verksemder har plikt til å ha eit personvernombod. Den nye personopplysningslova  i Norge gjeld frå 20. juli 2018.

Den norske personopplysningslova følgjer EU sin personvernforordning GDPR (General Data Protection Regulation). EU-land innførte ordninga 25. mai 2018.

Personvernombodet skal jobbe for norsk lovgjevnad og EU sin personvernforordning (GDPR). 

 

Arbeidsoppgåvene til personvernombodet:

  • vera kontaktperson mot innbyggjarar og intern rådgjevar/rettleiar internt i kommunane for tenesteområda, rådmann og administrativ leiing for handsaming av personopplysningar og reglane for dette
  • vera kommunen sin hovudkontakt mot Datatilsynet og gjere undersøkingar i konkrete saker
  • sjå til at behandlingsansvarleg har tilfredsstillande system for internkontroll i kommunen (risikovurderingar, avvikshandtering, rutinar og reglar osv.)
  • ivareta dei registrerte sine rettar
  • peika på brot i regelverk
  • handtere krav om innsyn, sletting, korrigering med meir
  • halda seg oppdatert på utviklinga innan personvern
  • gjennomføre haldingsskapande arbeid og opplæring i kommunane
  • ombodet skal på ein uavhengig måte vurdere om reglane i personopplysningsloven blir følgd i kommunane

Personvernombodet skal ha eit sjølvstendig rapporteringsansvar til rådmenna i dei tre kommunane.

Les meir om eit personvernombod sine oppgåver på datatilsynet sine heimeside: https://www.datatilsynet.no/rettigheter-og-plikter/virksomhetenes-plikter/personvernombud/personvernombudets-oppgaver/

Teieplikt

Personvernombodet har teieplikt etter forvaltningslova. 

 

OBS! Ikkje sende sensitive opplysningar på e-post.