I Vangen barnehage har vi ledig to 100 %stilling - og i Flåm barnehage er det ein 100% stilling som fagarbeider/assistent. Stillinga er mellombels/vikariat frå 01.09.20 – 13.08.21, med moglegheit for forlenging.

Aurland kommune har to kommunale barnehagar. Desse er Flåm barnehage og Vangen barnehage. Vangen barnehage har fire avdelingar. Det er ca. 37 barn frå 1-6 år i Vangen barnehage frå nytt barnehageår. Flåm barnehage har ein avdeling. Det er ca. 18 barn frå 1-6 år i Flåm barnehage frå nytt barnehageår.

Barnehagane i Aurland er med i Sogn regionråd sitt program for barnehage- og skuleutvikling. "System for styrka læring". Gjennom utviklingsprogrammet deltek tilsette og leiing i regionale kompetanse- og fagnettverk.

 

Arbeidsoppgåver som ligg til stillinga 
-omsette teoretisk kunnskap i praksis 
-ha kunnskap om relevant lovverk 
-ha kunnskap om barnehagen sine mål og andre sentrale overordna dokument 
-medverke til at barnehagen når sine mål

Personlege eigenskaper 
-
vere tydlig rollemodell 
-vere løysnings fokusert 
-ta initiativ til det daglege arbeidet 
-vere fleksibel og open for endringar

Kvalifikasjonar 
Fagbrev i barne og ungdomsarbeider faget evt erfaring frå barnehage arbeid. Aurland kommune nyttar nynorsk som skriftspråk. Vi forventar at den/dei som blir tilsett snakkar godt norsk og kan nytte nynorsk i skriftleg form.

Løns- og tilsetjingsvilkår 
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. Offentleg tenestepensjon. Det vert kravd gyldig politiattest.

Søknadsprosedyre 
Aurland kommune nyttar elektronisk søkjeportal. Sjå "ledige stillingar" og link til søkjeportal for kommunale stillingar på kommunen si heimeside. Dersom du treng hjelp med utfylling av elektronisk søknad kan du ta kontakt med Liv Helene Aalen på telefon 57 63 18 58.

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og namnet på søkjarar til stillingane blir offentleg i søkjarliste. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal vere offentleg må du ta kontakt og grunngje dette i søknaden.

 

Søknadsfrist: 28.08.20                                      Utlyst dato:    13.08.20                                                           

 

Kontaktperson

Elisabeth Øynebråten, Tenesteleiar VBHG, tlf: 97503287, elisabeth.oynebraten@aurland.kommune.no 
Marianne Christensen tenesteleiar FBHG, tlf: 91563796, marianne.christensen@aurland.kommune.no