Aurland kommune har to kommunale barnehagar. Desse er Vangen barnehage og Flåm barnehage, ved behov kan personalet bli flytta mellom barnehagane. Vangen barnehage har i dag tre avdelingar med ca 35 barn. Det skal opprettast ei ny avdeling ved denne barnehagen august 2020 og me søkjer difor etter fagarbeidar til denne avdelinga. Fram til då vil arbeidsstad verte Flåm barnehage.

Barnehagane i Aurland er med i Sogn regionråd sitt program for barnehage- og skuleutvikling. "System for styrka
læring". Gjennom utviklingsprogrammet deltek tilsette og leiing i regionale kompetanse- og fagnettverk.

Arbeidsoppgåver
-omsette teoretisk kunnskap i praksis
-ha kunnskap om relevant lovverk
-ha kunnskap om barnehagen sine mål og andre sentrale overordna dokument
-medverke til at barnehagen når sine mål

Personlege eigenskapar
-vere tydlig rollemodell
-vere løysnings fokusert
-ta initiativ til deg daglege arbeidet
-vere fleksibel og open for endringar

Kvalifikasjonar
Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidar faget evt erfaring frå arbeid med barn. Aurland kommune nyttar nynorsk som skriftspråk. Vi forventar at den/dei som blir tilsett snakkar godt norsk og kan nytte nynorsk i skriftleg form.

Løns- og tilsetjingsvilkår
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.

Det vert kravd gyldig politiattest.