Me i Vangen barnehage har vi ledig 100 %stilling som fagarbeider i barne – og ungdomsfaget. Stillinga er mellombels/vikariat frå 01.02.21 – 03.12.21, med moglegheit for forlenging.

Aurland kommune har to kommunale barnehagar. Desse er Vangen barnehage og Flåm barnehage, ved behov kan personalet bli flytta mellom barnehagane. Vangen barnehage har i dag fire avdelingar med ca 37 barn..

Barnehagane i Aurland er med i Sogn regionråd sitt program for barnehage- og skuleutvikling. "System for styrka læring". Gjennom utviklingsprogrammet deltek tilsette og leiing i regionale kompetanse- og fagnettverk.

 

Arbeidsoppgåver

-omsette teoretisk kunnskap i praksis
-ha kunnskap om relevant lovverk
-ha kunnskap om barnehagen sine mål og andre sentrale overordna dokument
-medverke til at barnehagen når sine mål

 

Personlege eigenskapar

-vere tydlig rollemodell
-vere løysnings fokusert
-ta initiativ til deg daglege arbeidet
-vere fleksibel og open for endringar
 

Kvalifikasjonar

Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidar faget evt erfaring frå arbeid med barn. Aurland kommune nyttar nynorsk som skriftspråk. Vi forventar at den/dei som blir tilsett snakkar godt norsk og kan nytte nynorsk i skriftleg form.

Løns- og tilsetjingsvilkår

Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. Offentleg tenestepensjon.
Det vert kravd gyldig politiattest.

 

Søknadsprosedyre

Aurland kommune nyttar elektronisk søkjeportal. Sjå "ledige stillingar" og link til søkjeportal for kommunale stillingar på kommunen si heimeside. Dersom du treng hjelp med utfylling av elektronisk søknad kan du ta kontakt med Liv Helene Aalen på telefon 57 63 18 58.

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og namnet på søkjarar til stillingane blir offentleg i søkjarliste. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal vere offentleg må du ta kontakt og grunngje dette i søknaden.

 

Søknadsfrist: 25.11.20                                        Utlyst dato: 11.11.20                                                                  Vårref         

 

Kontaktperson

Elisabeth Øynebråten, Tenesteleiar VBHG, tlf: 97503287, elisabeth.oynebraten@aurland.kommune.no

Marianne Christensen tenesteleiar FBHG, tlf: 91563796, marianne.christensen@aurland.kommune.no