Målgruppe
Styrar i verksemd som har eller søkjer om serveringsløyve.

Kriterium
For å få serveringsløyve må styraren av staden ha klart etablerarprøven og ha god vandel. Etablerarprøven er ein fleirvalsprøve. Du vil få 90 minutt til å svare på prøven. For å klare prøven må 40 av 50 svar vere rette.

Rettleiing
Kommunen vil leggje til rette for at du kan ta etablerarprøven. Opplysningar om læremateriell til prøven får du i kommunen. Du må ta med gyldig legitimasjon når du møter opp for å ta prøven.

 
Søknadsfrist
Når du har klart etablerarprøven, vil kommunen skrive ut eit bevis.
 
Klagemuligheit
Det er ikkje høve til å klage, men du kan ta prøven om att.