Informasjon i samband med koronasituasjonen

Endringar i kyrkjeleg aktivitet, oppdatert 22.05.2020

Aurland kyrkjekontor har ope, men oppfordrar folk til å nytte telefon/e-post der det er mogleg for å redusere kontakt og smitterisiko for koronaviruset.

Kyrkjeverje Monica Finden er heile tida tilgjengeleg på tlf. 95862520, e-post monica.finden@aurland.kommune.no eller på messenger. Har du spørsmål om gravferd, dåp, vigsel eller andre ting, kan du ta kontakt heile tida.

Fungerande sokneprest John Ove Thaule er tilgjengeleg på tlf. 95262085 eller e-post johnothaule@gmail.com og vikarprest Ådne Skiftun er tilgjengeleg på tlf. 90872129 eller e-post aadne.skiftun@gmail.com  om nokon ynskjer kontakt eller samtale med prest.

 

Elles er det sett inn slike tiltak:

-          Gudstenester, gravferder, vigslar og dåp vert gjennomført med maks 50 personar til stades i tillegg til tilsette, men likevel slik at det er minimum 1 m. avstand mellom dei som ikkje elles bur saman. Tal personar vil difor vere ein del lågare i Flåm kyrkje og Undredal kyrkje.

-          trusopplæringsaktivitetar og andre aktivitetar er avlyst/utsett til over sommarferien

Ved evnt. endringar i retningslinjene frå bispedømet, kommunen eller andre instansar, so vert informasjonen oppdatert.

 

Me vil alltid vere tilgjengelege om de treng oss.

Kontaktinformasjon

Kyrkja i Aurland

Kyrkjeverje:
Monica Finden
Telefon:  458 75 686
Mobil: 95 86 25 20

Besøksadresse:
Bankbygget 3. etasje

Postadresse:
Kyrkja i Aurland
Helabrotet
5745 Aurland