Kyrkja i Aurland
Kyrkjeverje:
Monica Finden
Telefon: 458 75 686
Mobil: 95 86 25 20
Besøksadresse:
Bankbygget 3. etasje
Postadresse:
Kyrkja i Aurland
Helabrotet
5745 Aurland
Me oppmodar alle om å halde seg oppdatert og følgje nasjonale råd og føringar.
Les merAurland kyrkjekontor har ope, men oppfordrar folk til å nytte telefon/e-post der det er mogleg for å redusere kontakt og smitterisiko for koronaviruset.
Kyrkjeverje Monica Finden er heile tida tilgjengeleg på tlf. 95862520, e-post monica.finden@aurland.kommune.no eller på messenger. Har du spørsmål om gravferd, dåp, vigsel eller andre ting, kan du ta kontakt heile tida.
Fungerande sokneprest John Ove Thaule er tilgjengeleg på tlf. 95262085 eller e-post johnothaule@gmail.com og vikarprest Ådne Skiftun er tilgjengeleg på tlf. 90872129 eller e-post aadne.skiftun@gmail.com om nokon ynskjer kontakt eller samtale med prest.
Elles er det sett inn slike tiltak:
- Gudstenester, gravferder, vigslar og dåp vert gjennomført med maks 200 personar til stades i tillegg til tilsette, men likevel slik at det er minimum 1 m. avstand mellom dei som ikkje elles bur saman. Tal personar vil difor vere ein del lågare inne i kyrkjene våre.
- trusopplæringsaktivitetar der born frå fleire klassar/skular/barnehagar er samla er i hovudsak avlyst/utsett. Konfirmantopplæringa går som vanleg.
Ved evnt. endringar i retningslinjene frå bispedømet, kommunen eller andre instansar, so vert informasjonen oppdatert.
Me vil alltid vere tilgjengelege om de treng oss.