Kva er "Ein kaffikopp med ordførar og varaordførar?"
Kven som helst kan koma og ta opp små eller store saker ein måtte ha på hjartet eller meina noko om.
- Me lovar at me skal lytta om ein kjem med saker som er frusterte over eller saker ein er engasjerte i! Har du ein god ide du vil dela med oss så lyttar me meir enn gjerne til den og!
- Har du lyst på ein meir privat samtale så tek du berre ordføraren til side så tek me ein prat på kontoret. Det er ingen fast form på desse møta, men dei er viktige for at me skal få god kontakt med innbyggjarane.
Hjarteleg velkommen.