Reglane om driveplikt gjeld for alle eigarar av jordbruksareal. Frå 01.07.09 vart det innført ei varig driveplikt for eigarar av eigedom med jordbruksareal.
Målet er at mest mogeleg av produksjonsareala vert dreve aktivt enten drifta skjer som ei sjølvstendig eining eller som tilleggjord til anna eigedom.
Eigaren har plikt til å driva jordbruksareala på eigedomen so lenge han er eigar, og det gjeld frå overtakingstidspunktet. Eigarar som vel å oppfylla driveplikta personleg, må stå faktisk og økonomisk ansvarleg for drifta. Eigaren må vera den som legg planar for drifta og står ansvarleg for innkjøp av driftsmidlar og sal av produkt.
Eigaren treng ikkje nødvendigvis utføra arbeidt sjølv, men har anledning til å driva ved hjelp av tilsette. Viss eigaren vel å oppfylla driveplikta personleg kan ikkje eigedommen forpaktast eller leigast bort.
Har ein frist på 1 år på å bestemma seg for om ein sjølv vil driva eigedommen i framtida eller oppfylla driveplikta ved bortleige.
Driveplikta er ei personleg og varig plikt som ikkje er knytt opp mot ervervet/overtakinga av ein eigedom. I ei sameiga har kvar einskild sameigar driveplikt.
Driveplikta er heimla i jordlova §8, og den pålegg alle eigarar av jordbruksareal å driva desse eller syta for at dei vert drivne ved bortleige på minst 10-årige, skriftlege avtalar, som dessutan skal gje driftsmessig gode løysingar. Plikta gjeld ”heile tida” – utan omsyn til når eigaren overtok.
Jordlova §8 sler fast at ”Jordbruksareal skal drivast”. Begrepet jordbruksareal omfattar fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite, slik desse er definert i AR5, arealklassifiseringane frå Skog og landskap. Det er ikkje noko føresetnad at drifta må vera lønsam.
Driveplikta inneberer at jordbruksareal skal drivast kontinuerleg og ivareta ønskje om å sikra produksjon av mat samtidig som jordbruksarealet sine produksjonseigenskapar og kulturlandskapet blir ivareteke.
Det er ikkje tilstrekkeleg å halda jorda i hevd. Jorda må haldast i ein slik kulturtilstand at arealet kan nyttast til vanleg jordbruksdrift med moglegheit for normal avling vurdert i lys av produksjonseigenskapane. Dette inneber at areala som utgangspunkt må haustast og kultiverast årleg. Ikkje krav om optimal drift og ingen plikt til å ha beitedyr. Må ikkje leiga ut til kr. 0,-
Det er ikkje stilt noko krav til driftsform eller at drifta skal vera optimal. Den aktuelle drifta kan imidlertid ikkje vera slik at produksjonseigenskapane vert forringa over tid.
Ein eigar som forpaktar bort eigedommen sin etter forpaktingslova og som får godkjent forpaktingsavtalen oppfyller ikkje nødvendigvis driveplikta. Eigaren kan imidlertid løysa situasjonen ved å søkja om fritak frå driveplikta.
Eigaren kan velja å oppfylla driveplikta ved bortleige. Desse vilkåra må då oppfyllast (Jordlova §8);
- Avtalen om bortleige må gjelda jordbruksarealet på eigedommen
- Det må inngåast skriftleg leigekontrakt
- Leigetida kan ikkje vera kortare enn 10 år, og leigekontrakten kan ikkje seiast opp i leigetida av utleigar/bortleigar.
- Jorda må leigast bort som tilleggsjord til ein annan landbrukseigedom i drift
- Avtala må føre til ei driftsmessig god løysing
- Leigeavtala må sendast til kommunen
- Avtalen kan hevast ved misleghald.
- Avtaler som ikkje oppfyller desse krava kan ikkje gjerast gjeldande mellom partane eller ovanfor myndigheita.
Er viktig å merka seg at arealet må leigast bort som tilleggsjord til ein annan landbrukseigendom. Garden kan ikkje lenger leigast bort som ein sjølvstendig eigedom. Viss eigaren ikkje sjølv ynskjer dette, må han søkja om fritak frå driveplikta.
Det er ikkje krav at heile jordbruksarealet må leigast bort. Eigaren kan velja å driva deler av eigedommen sjølv. Jordbruksarealet kan leigast bort til fleire personar.
Lengre leigetid enn 10 år betingar konsesjonsbehandling etter konsesjonslova samt delingssamtykke etter jordlova §12.
Når ein avtale om bortleige av jordbruksareal er inngått, skal den sendast til kommunen som dermed får moglegheit til å kontrollera om vilkåra for bortleige etter jordlova er oppfylt.
Det er absolutt krav til skriftlegheit. Kravet til skriftleg leigeavtale er oppfylt ved bruk av eit elektronisk medium viss partane er einige om det.
Det er landbruksmyndigheitene som må ta stilling til kva som er ei driftsmessig god løysing.
Dersom driveplikta ikkje vert oppfylt ved eiga drift eller ved bortleige, kan kommunen inngå avtale om bortleige av heile eller deler av eigedomen for inntil 10 år. Fylkesmannen kan ilegga tvangsgebyr viss driveplikta vert vesentleg misleghalden.
Ein kan søkja om fritak frå driveplikta. Kommunen kan gje fritak anten heilt ut (varig) eller for ei viss tid. Kommunen kan òg lempa på kravet til skriftlegheit og avtaleperiodens lengde. Det same gjeld for kravet om om at avtalen skal innebera ei driftsmessig god løysing.
Årsaker til søknadar om fritak frå driveplikta kan vera at;
- Jordbruksarealet ikkje gjev grunnlag for lønsam drift
- Eigaren ynskjer ikkje å leiga bort arealet
- Det er ikkje mogeleg å få leigd bort arealet
- Eventuelt at det ikkje er mogeleg å få leigd bort arealet for ein periode på minst 10 år
- Forpaktingskontrakt med avtaletid under 10 år
- Mogeleg generasjonsskifte nærmaste 10 åra
Ved vurdering av søknaden om fritak frå driveplikta skal det leggast vekt på bla;
- Kor viktig det er å halda jordbruksarealet i hevd
- Storleiken på jordbruksarealet
- Avkastningsevna til arealet
- Om det i området der eigedomen ligg er bruk for jordbruksarealet som tilleggsjord
- Søkjaren sin livssituasjon
Viss det er søkt om fritak frå driveplikta, er fristen for å starta oppfyllinga av driveplikta utsett til søknaden om fritak er handsama.
Driveplikta gjeld uavhengig av når eigedommen er overteken, eller om eigaren har hatt driveplikt etter odelslova eller konsesjonslova tidlegare.
Driveplikta er ikkje knytt opp mot noko vilkår om lønsam drift og heller ikkje størrelsen på arealet. Det er driveplikt både på små og store eigedomar.
Driveplikta synleggjer eigaren sitt forvaltaransvar knytt til det å eiga matproduserande areal. Til forskjell frå tidlegare bestemmelsar om driveplikt og vanhevd er det ikkje lenger tilstrekkeleg at areala vert helde i hevd
Viss driveplikta er broten kan odelsberettiga krevja odelsløysing.Tilsvarande moglegheit for bortleige oppstår ved odelsløysing – tidlegare særregel er oppheva.
Ny eigar av eigedommen har ei plikt til å sørgja for drift av jordbruksarealet frå overtakelsestidspunktet. Eigaren har 1 år på seg til å bestemma om han vil driva sjølv eller om arealet skal leigast bort. Eigaren har i utsettelsesåret likevell ei plikt til å sørgja for drift av arealet.
For meir informasjon;
Landbruksdirektoratet - driveplikt