Korleis kan utvikling av reiselivet i Undredal gjere det betre å bu som innbyggjar i bygda? Dette var temaet då Aurland kommune saman med designbyrået Lokalt Byrå arrangerte innbyggarverkstad på ungdomshuset i slutten av august i år. Sidan då har prosjektgruppa brukt innspela frå verkstaden til å utvikle 10 ulike konsept som til saman kan skape morgondagens reiseliv.

No er idéfasen av prosjektet ferdig, og derfor inviterer Lokalt Byrå og Aurland kommune innbyggjarar og andre med tilknyting til Undredal til å sjå på og dele sine tankar om konsepta. Me vil og dele idéar til korleis ein kan teste konsepta til neste år, noko me gjerne vil ha innspel på i tillegg.

På det digitale møtet vil du få høyre om konsepta, prosessen og vegen vidare. Du får dele dine tankar både felles på møtet og privat med prosjektgruppa.

Velkommen til det digitale møterommet på whereby.com/gnist 23. november klokka 18-19!

Om du vil vite meir om møtet eller prosjektet kan du ta kontakt med oss i Aurland kommune ved Linn-Janette Underdal Skarsbø på tlf: 959 84 647.