Utsnitt av plankart

Detaljreguleringsplan for Varehuset Brødrene Wangen og delar av Aurlandsvangen

Plan- og eigedomsutvalet har vedteke at framlegg til detaljreguleringsplan for Varehuset Brødrene Wangen og delar av Aurlandsvangen vert lagt ut til høyring og offentleg ettersyn i medhald av plan og bygningslova § 12-10.

Føremålet med planen er ein heilskapleg utvikling av området knytt til eksisterande bygg «Varehuset Brødrene Wangen», som vil inkludere riving av delar av bygget, oppbygging av kolbui og tvillingbuene, og etablering av hotellkonsept på eksisterande 9/3 mf, i tillegg til leilegheiter for utleige og sal.

Reguleringsplanen består av plankart, planomtale med føresegner og ROS-analyse. Desse dokumenta gjer greie for bakgrunn for planarbeidet, tiltaka det vert opna for og verknadane av tiltaket.

 

Saksdokument:

Saksutgreiing

Planomtale

Plankart

ROS-analyse

 

Bakgrunnsdokumentasjon:

Geoteknisk vurdering av grunnforhold ved Aurland kai

Flaum- og stormflovurdering

Merknadar til varsel om oppstart

Svar på førespurnad om leige av parkeringsplassar

 

Plan med føresegner, planomtale og ROS-analyse mm, er òg lagt ut på kommunetorget på Aurland rådhus.

Planframlegga er lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 27.11.2019 – 08.01.2020

Merknadar til planen kan sendast til post@aurland.kommune.no eller Aurland Kommune, Vangen 1, 5745 Aurland innan 08.01.2020.

Ta gjerne kontakt med arealplanleggjar Anja Marken, anja.marken@aurland.kommune.no eller 959 84 628 dersom du har spørsmål til planen.

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Aurland kommune
sentralbord:

Tlf. 57 63 29 00 
SMS 95 98 46 49

Teknisk vakt utanom kontortid:
95 98 46 00


Beredskap

Besøksadresse:
Vangen 1

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland