Bildet viser framlegg til detaljreguleringsplan for Kannikteigen

Detaljreguleringsplan for Kannikteigen - høyring og offentleg ettersyn

Plan og eigedomsutvalet har vedteke at framlegget til detaljreguleringsplan for Kannikteigen vert lagt ut til høyring og offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslova §12-10.

Framlegget til detaljreguleringsplan opnar for bygging av leilegheitsbygg med 15 bueiningar og garasjeanlegg i kjellar, samt riving av ein tomannsbustad og i tillegg opnar planenfor bygging av einebustadar eller rekkehus med sju bueiningar og tre utleigehytter. Arealbruken i planen er bygningar og anlegg, samferdsleanlegg, bruk og vern av sjø og vassdrag og omsynssoner.

Saksdokument:

Saksutgreiing

Planomtale

Plankart

ROS-analyse

Føresegner

 

Andre relevante dokument:

Skredfarekartlegging Aurland kommune - identifikasjon av tryggeområder 14.11.2012

 

Planframlegga er lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 27.11.2019 – 08.01.2020.
Merknadar til planen kan sendast til post@aurland.kommune.no eller Aurland kommune, Vangen 1, 5745 Aurland innan 08.01.2020.
Ta gjerne kontakt med plansjef Ingunn B. Skjerdal, ingunn.skjerdal@aurland.kommune.no eller 95984646 dersom du har spørsmål til planen.

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Aurland kommune
sentralbord:

Tlf. 57 63 29 00 
SMS 95 98 46 49

Teknisk vakt utanom kontortid:
95 98 46 00


Beredskap

Besøksadresse:
Vangen 1

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland