Framlegget til detaljreguleringsplan opnar for bygging av leilegheitsbygg med 15 bueiningar og garasjeanlegg i kjellar, samt riving av ein tomannsbustad og i tillegg opnar planenfor bygging av einebustadar eller rekkehus med sju bueiningar og tre utleigehytter. Arealbruken i planen er bygningar og anlegg, samferdsleanlegg, bruk og vern av sjø og vassdrag og omsynssoner.
Saksdokument:
Andre relevante dokument:
Skredfarekartlegging Aurland kommune - identifikasjon av tryggeområder 14.11.2012
Planframlegga er lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 27.11.2019 – 08.01.2020.
Merknadar til planen kan sendast til post@aurland.kommune.no eller Aurland kommune, Vangen 1, 5745 Aurland innan 08.01.2020.
Ta gjerne kontakt med plansjef Ingunn B. Skjerdal, ingunn.skjerdal@aurland.kommune.no eller 95984646 dersom du har spørsmål til planen.