Detaljregulering (endring) for Stegastein - vedtak av plan

Med heimel i plan- og bygningslova § 12-12 har Aurland kommunestyre i møtet 14.09.2017, sak 67/17 vedteke detaljregulering (endring) for Stegastein.

Plandokumenta som vart vedteke ligg tilgjengeleg på denne linken:

Kommunstyret si handsaming 

Det er klagerett på Aurland kommunestyre sitt vedtak til Fylkesmannen etter Plan- og bygningslova §§12-12 og 1-9, jfr forvaltningslova kap VI. Klagen må fremjast skrifteleg og sendast til Aurland kommune, Vangen 1, 5745 Aurland, innan tre-3-veker frå denne kunngjeringa. Klagen må vere grunngjeven og det må opplysast om kva for tilknyting klagaren har til det området saka gjeld.

Krav om erstatning eller innløysing med heimel i Plan- og bygningslova §§15-2 og 15-3, må fremjast innan tre-3-år etter denne kunngjeringa. Krav om erstatning eller innløysing i høve til reguleringsplanen, skal rettast til: Aurland kommune, Vangen 1, 5745 Aurland.

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Besøksadresse:
Rådhuset
Aurlandsvangen

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland

Planar:
Plansjef 
Ingunn B. Skjerdal
tlf. 57 63 29 32
mob 959 84 646

Prosjekt:
Tenesteleiar teknisk
Reinhardt Sørensen    
tlf 57 63 29 10
mob 959 84 604

Høyringssvar
Elektronisk skjema til bruk for høyringssvar 

PDF-skjema til bruk for høyringssvar