KS-086/21 Vedtak:
Detaljregulering for Flaumløp E16 Hylland, planid 4641-2021002, vert vedteken i medhald av plan- og bygningslova § 12-12.
Samrøystes

Føremålet med planen er å regulere eit område med skredfare og flaumløp tett inntil E16 slik at Statens vegvesen kan vedlikehalde og rydde flaumløpet for å hindre ras ut på E16.

Planområdet er eit flaumløp som i hovudsak består av stein i ulik storleik og litt vegetasjon. Området ligg i Nærøydalen som ligg innanfor verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap, som står på UNESCO si verdsarvliste. Planområdet grensar mot E16 i nord og mot Nærøyfjorden landskapsvernområde i sør.

Planområdet tilhøyrar gnr.61, bnr.2 i Aurland kommune. Regulering av området til vegformål vil vere grunnlag for å erverve arealet.

Kommunestyret sitt vedtak kunngjerast i samsvar med plan- og bygningslova § 12-12.

Vedtaket kan påklagast til Statsforvaltaren jf. plan- og bygningslova §§ 12-12 og 1-9, jf. forvaltningslova kap VI. Klagen må fremjast skriftleg og sendast til Aurland kommune, Vangen 1, 5745 Aurland, eller post@aurland.kommune.no.

Fristen for å klage på vedtaket er tre veker frå denne kunngjeringa vart publisert, etter forvaltningslova § 29.

Dokument til saka
Vedtak
Planomtale
Reguleringsplankart
Reguleringsføresegner
Risiko- og sårbarheitsanalyse