Sitat frå brukar:

"Her er det jammen godt å vera"

Aktivitetstilbod for heimebuande personar med demens og kognitiv svikt.
Dagtilbodet er for heimebuande personar som har fått diagnose eller er under utgreiing. Me har plass til 4-5 brukarar på måndagar, onsdagar og torsdagar. Me held til i lyse og fine lokal i 2 etasje i den gamle delen av sjukeheimen i Aurland.

Målsetjinga er at dei som brukar tilbodet skal trivast og kjenne seg trygge og ivaretekne. Isolasjon og einsemd er eit aukande problem for mange. Gjennom sosiale aktivitetar, skapar ein tryggleik og trivsel.
Aktivitetane er mange, og me planlegg gjerne utifrå årstidene. Hentar oss juletre, bakar, lagar fastelavnris og påskepynt. Om hausten saftar og syltar me. Andakt, trim, ordleikar og bingo når det passer. Minner frå gamle dagar som bilete, utstyr, musikk, lokalhistorie, bøker er ein viktig del av dagen.
Kjøkkenet på Helsetunet lagar god middag til oss som me et ilag i kantina.
Me reiser ofte på turar til kjende stader i kommunen som vekkjer minne hjå brukarane. Det kan vere ein støl, ei hytte, eit vatn  eller vi besøker nye stader.  Vi tek med oss niste og kaffi og nyt naturen. 
Brukarane deltek aktivt i planlegginga og gjennomføring av ulike aktivitetar.
Inkludert i prisen for dagtilbodet er transport, frukost , middag og kaffe.
Kan detta vera noko for deg , eller kjenner du nokon som kan ha nytte av tilbodet?               

Ta gjerne kontakt for meir informasjon med:
Dagleg leiar Grete Helene Sæterdal -
tlf. 95 98 46 42

Soneleleiar Inger Lise Dale -
tlf. 95 98 46 27

Soneleiar Marit Irene Aas Nesheim - 
tlf. 95 98 46 41

  

Tilsette ved dagtilbodet ved Aurland helsetun for heimebuande personar
Tilsette ved dagtilbodet ved Aurland helsetun for heimebuande personar
Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Leiar for Pleie og omsorg 
Kari Voldum 
Tlf. 57 63 18 60 / 959 846 55

Adresse: 
Aurland Helsetun

Skjerdalsvegen 31

Kontortid:  
Måndag, onsdag og torsdag
kl 8.30- 14.00 

Dagleg leiar for dagtilbod for heimebuande personar med demens og kognitiv svikt:
Grete Helene Sæterdal
Tlf 95 98 46 42

Soneleiarar:
Aurland /Vassbygdi/Gudvangen:
Inger Lise Dale
Tlf 95 98 46 27

Flåm/Undredal:
Marit Irene Aas Nesheim
 Tlf. 95 98 46 41

Leiar for Helse og førebygging
Guri Olsen
Tlf. 57 63 20 27
Mobil: 959 84 663

Besøksadresse:
Fjordsenteret 2.etasje

Postadresse:
Vangen 1
5745 Aurland /
post@aurland.kommune.no

 

NAV Aurland
Leiar for NAV Aurland:
Einar Moen

Tlf.: 55 55 33 33
e-post: 
nav.aurland@nav.no