Føremålet med årlege ruteendringar er å fange opp lokale behov for justeringar som bidrar til best mogleg samanheng i kollektivtilbodet, og at det er tilpassa reisebehovet i dei ulike
områda i fylket. Endringane kan til dømes gjelde å oppnå betre korrespondansar, tilpasse tilbodet betre til det lokale aktivitetstilbodet eller legge betre til rette for ei gruppe reisande.
Skyss/Kringom vil med dette invitere kommunen om å komme med innspel om eventuelle behov for ruteendringar for komande år. Alle innspel vil bli tatt med i den samla vurderinga og planlegginga av rutetilbodet. Gjennomføringa av endringar vil i hovudsak skje i samband med haustrutene i august. Vi ser det som ein føremon at kommunen tar ansvar for å koordinere innspel frå ulike interessentar og interessegrupper i eigen kommune, slik at ein i vidare planlegging i størst mogleg grad har ei samla prioritering om ønskja tiltak.

Innspel kan sendast til post@aurland.kommune.no merka "Innspel til årleg ruteendringar" innan 25. november.