Frå no er dette tilbodet endra. Søkjarane kan ikkje lenger komma innom kontoret for å få hjelp til å senda inn den elektroniske søknaden.
Me svarar sjølvsagt på spørsmål og rettleiar dei som skal søkja, men du er sjølv ansvarleg for å sende inn søknad.
Om det er ynskjeleg å treffa sakshandsamar på landbrukskontoret, må det avtalast eit møte. Rådhuset er diverre ikkje ope inn til sakshandsamarane lenger, berre inn til servicesentralen.
Alle er velkomen til å ta kontakt med oss om små og store spørsmål. Me hjelper deg so godt me kan!
Felles Landbrukskontor ÅLA
Endra rutinar hjå Felles Landbrukskontor ÅLA
Landbrukskontoret forvaltar mange tilskotsordningar som gjeld tiltak og aktivitetar på landbrukseigedomar, og i den samanheng har me fram til no vore behjelpelege med å fylla ut og senda inn søknadar. T.d. søknad om produksjonstillegg.