Som grunnlag for prosjektet ligg det føre eit forprosjekt med planar for tomta til den noverande bygningsmassen i frå 1958 - 1972. Forprosjektet, leia av politisk sakskomite, syner planar og ideskisser for eit framtidig dimensjoneringsbehov, med løysingar som er påverka gjennom brei deltaking.  Samstundes med at det er arbeidd med prosjektplan som fastsetter organisering og tidsplan for prosjektet, er vi no klare med konkurransegrunnlag for å lyse etter prosjekteringsgruppe for detaljprosjekteringa. Vi tek sikte på utlysing no i slutten av juni og at arbeidet blir tildelt i september. 

Milepælar: 
- Prosjektering og endring av reguleringsplan: haust 2020 – vår 2021.
- Utlysing/anbodsprosess for bygging vår/sommar 2021.
- Byggetid: 1,5 år. 

Tilskot frå Husbanken vil vera eit viktig tilskot i prosjektet. Husbanken sine krav til kva som vert gjeve støtte til set viktige føringar vidare for kva løysingar som blir valt.

Plan og eigedomsutvalet er prosjektstyre for prosjektet.