Havnen Anlegg AS startar frå måndag opp arbeidet i fylkesvegen.  Arbeidet vil innebere innsnevring av køyrebane og lysregulering. Arbeidet i fylkesvegen vil pågå om lag ein månad.

Kontaktinformasjon til Havnen Anlegg AS:  Svein Erik Kristiansen, mob 47854581, e-post: sveinerik2000@gmail.com; 

Arbeidsvarsling.JPG

Status i prosjektet:
Det er utført mykje arbeid på tomta etter at byggjearbeidet starta og entreprenøren har no bygd plasstøypt dekke over plan 1 og er godt i gang med vegger i plan 2. VA grøfter er etablert ned til gangvegen . Frå veke 46 startar prosjektet opp med riving i 1978 fløyen. Denne fløyen skal innehalde blant anna personalbase, garderobeanlegg m.m. Prosjektet er om lag 6 veker etter opphavleg framdriftsplan.   

Hovudentreprenør i prosjektet er Kleiven Sogn AS. I tillegg er det med sideentrepriser for tekniske fag. R.Torgersen AS for luftbehandling, Alt Heis AS for heisleveranse, Caverion Norge AS for røyrfag, 2tal elektro AS for elektro. I tillegg har hovudentreprenør med seg fleire underentreprenørar, blant anna Havnen Anlegg AS på grunnarbeid. 

Rivingsarbeidet står AF Decom AS ansvarleg for.

Byggjeleiar i prosjektet er Kjell Tokvam AS.
Prosjektleiar i kommunen er nestleiar Teknisk Jan Olav Åsarmoen Møller.