Etter Plan- og bygningslova §25 har kommunen plikt til å føre tilsyn i byggesaker med
at tiltaket gjennomførast i samsvar med gjevne løyve og føresegner gjeve i eller i
medhald av denne lova.

Ansvaret for tilsyn i byggesaker i Aurland kommune, er lagt til eining for forvaltning og utvikling. 
Byggetilsynet er organisert etter integrert tilsyn, der
byggesakshandsamar både handsamar byggesaka og samstundes fører tilsyn.

Ansvarleg for byggetilsyn på eininga for forvaltning og utvikling er leiar Norunn Haugen og byggjesakshandsamar Andreas Mæland.

Strategi for tilsyn etter plan- og bygningslova for tilsyn i byggesaker er tilgjengeleg i menyen til venstre under Strategi for byggetilsyn i Aurland kommune.

Halvårlege tilsynsprogram for teknisk vil skildre alle normale aktivitetar for å planleggja, gjennomføra og følgje opp tilsyn med byggesaker i perioden er tilgjengelege under menypunktet tilsynprogram 

Tilsyn skal avsluttast med ein sluttrapport (tilsynsrapport) . Sluttrapport i perioden er tilgjengeleg under menypunktet tilsynsrapport.