Arbeidsoppgåver
- Byggesakshandsaming
- Råd og rettleiing
- Ulovlegheitsoppfølging / tilsyn
- Eventuelt matrikkelføring
- Eventuelt anna sakshandsaming eller andre utviklingsoppgåver for kommunen

Personlege eigenskapar
Me ønskjer oss ein medarbeidar med erfaring frå byggesakshandsaming. Evne til å arbeide sjølvstendig og evne til å samarbeide er viktig. Vedkommande bør ha positiv veremåte, vere løysingsorientert og kunne forholda seg til tidsfristar.

Kvalifikasjonar
- Relevant universitets-/høgskuleutdanning eller relevant erfaring
- God kjennskap til - og gjerne erfaring med offentleg sakshandsaming.
- Relevant praksis frå offentleg eller privat verksemd.
- Dokumenterte resultat og god relevant praksis kan vege opp for manglande formell utdanning.
- Personlege eigenskapar blir vektlagt

Vi tilbyr
- Eit triveleg arbeidsmiljø
- Konkurransedyktige vilkår/ løn
- Fleksibel arbeidstid
- Gunstige pensjonsordningar

Løns- og tilsetjingsvilkår
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.

Krav til språkkunnskapar
Den som vert tilsett må beherske norsk munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som skriftmål.

Søknadsfrist 16.04.2020