Spørsmål om grunnlag for renovasjonsgebyr frå SIMAS

SIMAS har sendt ut faktura for renovasjonsgebyr i fyrste halvdel av mars. Dei brukar opplysningane som ligg i matrikkelen som grunnlag for utskriving av renovasjonsgebyr. Matrikkelen er Noreg sitt offisielle register over fast eigedom, inkludert bygningar, bustadar og adresser. 

Aurland kommune har dei siste dagane fått mange spørsmål om endring av opplysningar i matrikkelen. Det skal vere samsvar mellom bygningen, løyve gitt etter plan og bygningslova og opplysningane som ligg matrikkelen. Du kan sjølv finne ut kva som er registrert i matrikkelen på din eigedom ved å gå inn på seeiendom.no, ved å logge inn med BankID eller tilsvarande får du fram informasjon om kva opplysningar som ligg på eigedomen din.

Opplysningane i matrikkelen kan endrast på fleire måtar, gjennom krav om retting av opplysningar i matrikkelen eller søknad om bruksendring

1. Krav om retting av opplysningar i matrikkelen.
Som eigar av ein eigedom eller bygning med feil opplysningar registrert i matrikkelen kan du kreve retting av opplysningane. Retting av feil og manglar krev dokumentasjon frå den som sender inn krav om retting. Tilstrekkeleg dokumenterte feil og manglar vil bli ført i matrikkelen.

Nærare opplysninger om prosessen og link til skjema ligg på denne sida:
https://www.aurland.kommune.no/matrikkel-retting.168709.nn.html

2. Søknad om bruksendring jf pbl § 20-1, g)  er søknadspliktig jf pbl § 20-3.
Søknaden skal dokumenterast i samsvar med krav i plan- og bygningslova med forskrifter (jf. SAK10 kap 5) og vere leia av en ansvarlig søker som skal godkjennast av kommunen. Nærare opplysningar om søknad om løyve til tiltak finn du her: https://www.aurland.kommune.no/slik-soeker-du.523814.nn.html

Fritak for renovasjonsgebyr
Søknad om fritak for renovasjonsgebyr er det SIMAS som handsamar, dei har informasjon om dette på si eiga heimeside:https://www.simas.no/fritak

Kontaktinformasjon

Aurland kommune
sentralbord:

Tlf. 57 63 29 00 
SMS 95 98 46 49

Teknisk vakt utanom kontortid:
95 98 46 00


Beredskap

Besøksadresse:
Vangen 1

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland

 

 

Byggesakstorget
Drop-in kvar tysdag og torsdag kl. 13-15

Byggsakstelefon:

959 84 606

E-post:
post@aurland.kommune.no

Aurland kommune
sentralbord:

Tlf. 57 63 29 00 
SMS 95 98 46 49

Teknisk vakt utanom kontortid:
95 98 46 00

 

Besøksadresse:
Vangen 1

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland