Den lovbestemte buplikta er knytt til bebygd eigedom med meir enn 35 daa fulldyrka og overflatedyrka jord, eller 500 daa produktiv skog (produktiv skog er skog med ein tilvekst på minst 100 l pr daa pr år. Skogen kan liggja samla eller fordelt på fleire stader). Bebyggelsen må bestå av bustadhus som enten er eller har vore brukt som heilårsbustad. Sjølv om huset aldri har vore i bruk som heilårsbustad, vil det likevel oppstå buplikt viss huset er tillete oppført som bustadhus, eller eigedomen har bustadhus under oppføring.

Buplikta er 5 år for alle typar overdragelsar.
Det oppstår lovbestemt buplikt på bebygd eigedom som fyller krava til odlingsjord når den nye eigaren har overteke eigedommen frå nær familie eller har odel til den. Den som ikkje kan eller vil oppfylla buplikta må søkja om konsesjon. Det vert føreteke ein reduksjon i buplikta for gjenlevande ektefelle på grunnlag av den tida gjenlevande har budd på eigedommen før dødsfallet.

Odelsberettiga eller nære slektningar som ikkje skal oppfylla buplikta må søkja om konsesjon. Ein odelsberettiga som ikkje sjølv vil busetja seg på ein bebygd eigedom som er eller har vore brukt som heilårsbustad må søkja konsesjon.

Konsesjonsfriheita er betinga av at ein sjølv buset seg på eigedommen innan 1 år etter at overdragelsen er tinglyst, og deretter sjølv bur bebur eigedommen i minst 5 år. Det er i utgangspunktet ikkje tiltrekkeleg at ein er busett ein annan stad i kommunen.

For at buplikta skal sjåast på som oppfylt må ein ha eigedommen som sin reelle bustad. Dette kravet er oppfylt viss ein er registrert busett på eigedommen etter reglane i folkeregisteret. Viss eigedommen vert overteken av fleire i sameige, må samtlege sameigarar vera registrert busett på eigedommen.

Den lovbestemte buplikta kan i dag berre oppfyllast ved at eigaren er registrert i folkeregisteret som busett på eigedommen. Det er ikkje tilstrekkeleg berre å bu på eigedommen. Bur eigaren sin familie på ein annan plass og familien bla består av barn i skulepliktig alder, reknast heile familien etter reglane i folkeregistert som busett der resten av familien bur sjølv om eigaren faktisk bur på eigedommen. Viss familien ikkje vil flytta med slik at eigaren av den grunn ikkje blir registert som busett på eigedommen i folkeregisteret, må eigaren søkja konsesjon.

Kommunen kan gje konsesjon, gje konsesjon på vilkår (td tilflytting til eigedomen på eit seinare tidspunkt) eller avslå søknaden.

Viss søknaden vert avslått skal eigaren få velga om han/ho likevell vil oppfylla buplikta. Vel eigaren å ikkje oppfylla buplikta skal det settast frist for sal på vanleg måte.

Når det er gjeve konsesjon med vilkår om buplikt må eigaren forholda seg til vilkåret. Er det sett vilkår om personleg buplikt, må eigaren sjølv folkeregistrera seg som busett på eigedommen. Er det sett vilkår om upersonleg buplikt, er det tilstrekkeleg at nokon er folkeregistrert som busett på eigedommen.

Det er ikkje buplikt på ubebygde eigedommar eller eigedommar som berre har driftsbygning.

Buplikta blir sett på som oppfylt viss eigaren bur på ei tomt som er frådelt eigedommen eller som ligger i umiddelbar nærheit av eigedommen. I slike tilfeller vil det ikkje vera noko krav at eigaren må eiga bustaden der han bur eller oppstillast noko krav om at eigaren må vera eigar av naboeigedommen. Skal buplikta oppfyllast på denne måten, må eigaren vera busett på naboeigedommen i heile pliktperioden.

Eigaren oppfyller buplikta frå det tidspunktet han eller ho er registret i folkeregisteret som busett på eigedommen. 

Viss eigedomen er eigd av fleire personar i sameige, har kvar enkelt eigar buplikt.
Overteke fleire sysken ein eigedom etter foreldra, er utgangspunktet at samtlege sysken må busetja seg på eigedommen.

Viss overdragaren ikkje har oppfylt buplikta, må den nye eigaren søkja konsesjon, sjølv om han i utgangspunktet kunne ha overteke eigedommen konsesjonsfritt. Dette gjeld ikkje i tilfeller der eigaren døyr før han har oppfylt buplikta.

Eigedom med bebyggelse under oppføring kan utløysa buplikt viss tillatelse til bebyggelse er gjeve med sikte på bustadformål.

Eigedommen vert sett på som ubebygd viss bebyggelsen er ubrukeleg pga alder eller forfall, eller viss det berre er gjort forberedelser til bygging, slik som graving eller utsprenging.

Kommunen kan gje dispensasjon frå buplikta etter odelslova §39.

 

For meir informasjon;
Landbruksdirektoratet - buplikt