Kort om Aurland

Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1780 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, musikkskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing. På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri. 

Informasjon

Ynskjer du vite meir om korleis det er å bu og arbeide i Aurland kommune ta gjerne kontakt med oss i kommunen. Me kan setje deg i kontakt med lokale grendalag og organisasjonar – og me spanderar gjerne ein kaffi om du ynskjer eit møte med oss.  

 

-Lura du på korleis det er å arbeide i kommunen? Sjekk ut denne videoen 

Arbeide i Aurland?

Dei fleste i Aurland arbeidar innanfor reiselivet, kommunale tenester, sekundærnæringa og landbruk. Det vert ofte lyst ut både kommunale stillingar og stillingar innan reiselivet. Som tilsett i kommunen får du gratis inngang til treningsrom og symjebasseng i Aurlandshallen. Dei kommunale stillingane vert lyst ut på nettsida til kommunen. Det vert satsa på heilårsturisme i kommunen og det vert ofte lyst ut faste stillingar innan denne næringa.  

For kommunale stillingar sjekk her: Ledige stillinger (jobbnorge.no) 

Lokalt næringsliv nyttar ofte desse kanalane: Ledige stillinger - Arbeidsplassen (nav.no) eller Ledige stillinger | FINN Jobb 

Det er òg kort veg til nabokommunane og på Sogn.no, framtidsfylket.no eller gjennom lokale aviser som Sogn Avis og porten.no vert ofte stillingar frå regionen lyst ut.