Bråtebrenning/ Brenning av hogstavfall
Ved bråtebrenning og brenning av hogstavfall skal ein søke kommunen om løyve før ein iverkset brenning, forutan i tilfelle der det er openbart at brenninga ikkje kan medføre brann. Det skal utarbeidast planar slik at brenninga føregår på ein forsvarleg måte. Det skal alltid vere ein ansvarleg til stades under brenninga. Planar for brenning og beredskap skal leggast ved søknaden til kommunen.

Søknadsskjema: Bålbrenning - søknad om løyve

Melding til Alarmsentralen
Alarmsentralen kan ikkje gi løyve. Men det er viktig at Alarmsentralen 110 har informasjon om all brenning, slik at ein unngår unødige utrykkingar.

Har ein fått løyve frå kommunen er det viktig å melde dette vidare til Alarmsentralen. Gå inn på nettsida til Alarmsentralen www.alarmsentralen.com , under meldingar finn ein melding om brenning. Fyll ut skjemaet og send det til Alarmsentralen. 

 Vær merksam på at det i tørkeperiodar på kort varsel kan bli lagt ned totalforbod mot brenning.