I år er det heile 50 år sidan TV-aksjonen vart starta av NRK. TV-aksjonen vert rekna som verdas største dugnad, og aksjonen har utvikla seg til å bli eit nasjonalt løft for ei god sak. Sidan det heile starta i 1974 er det samla inn over 11 milliardar kroner til TV-aksjonen.

Aksjonen i år går til Barnekreftforeininga, og mottoet er «Saman for små heltar» Aksjonsdagen er søndag 20. oktober.

Om Barnekreftforeininga

Barnekreftforeininga er ein sjølvstendig, landsdekkande og frivillig organisasjon som vart oppretta i 1982. Foreininga har 6000 medlemmar fordelt på 13 fylkeslag, 300 tillitsvalde og 17 tilsette. Føremålet er å motverka barnekreft og å gi støtte til familiar som vert råka av barnekreft.

Barnekreftforeininga har i fleire år arbeidd for å få starta opp familiehus for familiar med langtidssjuke barn i nærleiken av universitetssjukehusa. I år kan det sjå ut for at draumen kan bli ein realitet.

Familiehusa vil vere eit tilbod til familiar som har alvorleg sjuke barn. Dette er særskilt meint for familiar som har lang reiseveg til sjukehuset, og som då må vere til og frå på behandlingsstaden over lang tid. Når eit barn blir alvorleg sjukt, vert heile familien råka. Ofte må barnet reise langt for å få livsviktig behandling, og familien vert ofte splitta i lange periodar.

Barn med alvorleg sjukdom kan vere veldig mykje, men familiane sine behov er ofte dei same. I vanskelege stundar har dei eit sterkt ynskje om å ha sine næraste rundt seg. Her kan dei få støtte i ei vond tid i livet og få ein pause frå sjukehuset. Familiehusa skal bidra til at: 

  • Familiar ikkje må bli splitta sjølv om dei bur langt vekke frå sjukehuset
  • Alvorleg sjuke barn får ha heile familien hos seg når dei får livsviktig behandling
  • Foreldre kan ta vare på barna sine, seg sjølv og kvarandre
  • Sysken vert ivaretekne, sett og inkludert
  • Familiane kan få finne ro og leve eit meir normalt kvardagsliv sjølv om livet er vanskeleg
TV-aksjon kommunekomiteen
David Underdal, Kjell Bøe Bjørgum og Monica Finden er klare til å stille opp for årets TV-aksjon. Foto: Anita Lærum

Kommunekomiteen oppmodar deg om å bli bøsseberar

I kommunekomiteen for Aurland sit ordførar Kjell Bøe Bjørgum, Monica Finden og David Underdal.

Kommunekomiteen oppmodar deg om å bli bøsseberar. Hugs at bøsseberarane er dei viktigaste hjelparane i TV-aksjonen. Dei gjere ein umåteleg viktig innsats.

Ta den viktige søndagsturen 20. oktober og meld deg som bøsseberar. Send inn om du ønsker å bli bøsseberar innan 7 oktober:

  • Telefon Aurland kommune 576 32 900 eller mobil 950 67 289
  • anita.lerum@aurland.kommune.no
  • Du kan òg ta turen innom rådhuset og melde deg som bøsseberar