Opning og stenging av Flåm kyrkje

Bitteliten sommarjobb

I Flåm har me ledig ein bitteliten sommarjobb med å opne og stenge Flåm kyrkje i perioden 07.05.-22.09. + enkeltdagar før og etter det. Kyrkja må opnast ein gong før kl 09.00 og stengast etter kl 17.00 kvar dag. Kan passe for ein pensjonist, ungdom eller ein som likevel fer forbi kvar dag😊 Dersom det er fleire som ynskjer jobben, so kan det vere aktuelt å dele det på 2 personar. Om det er enkeltdagar eller enkeltperiodar i løpet av sommaren du er vekke, so finn me ei løysing på det. Betaling etter avtale.
Send søknad innan 31. mars 2019 på mail til monica.finden@aurland.kommune.no. Skriv kva periode du kan jobbe og kor tid du evnt. ynskjer å ha fri. Ta kontakt med kyrkjeverje Monica Finden, tlf 95862520, om du har spørsmål til stillinga.

 
 
 
 
Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Kyrkja i Aurland

Kyrkjeverje:
Monica Finden
Telefon:  57 63 29 95
Mobil: 95 86 25 20

Besøksadresse:
Bankbygget 3. etasje

Postadresse:
Kyrkja i Aurland
Helabrotet
5745 Aurland