Institusjonsbebuarar er blitt fullvaksinert (siste dose + en veke), men det er viktig å hugsa på at alle tilsette og heller ikkje alle bebuarar som blir vaksinert. Det kan vere at ein ikkje ønskjer å bli vaksinert eller at helsa er så dårleg at vaksinasjon er ikkje anbefalt.
 

Frå 04.05.2021 anbefalest det:

  • held 1 meters avstand til tilsette og andre bebuarar
    • Unntak er når både besøkande og bebuar er vaksinert, då kan de ha nærkontakt, også ansikt til ansikt.
  • vaksinerte bebuarar kan også ha nærkontakt med et begrensa tal uvaksinerte besøkande når det er dei same over tid.

Unntak gjeld i livets siste fase.

Har du vore i eit område med høg smitte bør du ikkje kome på besøk ved Aurland helsetun: https://www.helsedirektoratet.no/veiledere/koronavirus/besok-pasienter-og-beboere

Følg med på nasjonale retningsliner: https://www.regjeringen.no/no/tema/Koronasituasjonen/oversikt-over-nasjonale-tiltak/id2826828/

Om du har luftvegssymptom, har vore sjuk, er i karantene på grunn av kontakt med ein smitta eller reise til utlandet, eller har blitt testa for covid-19, må du vente med å komme på besøk til du har fått negativt svar på testen og er heilt frisk igjen.

Besøk i Aurland helsetun:

  • For å avtale besøk ringer du vakttelefonen for den aktuelle eininga måndag til fredag mellom 09:00-15:00.
  • Besøkstida vil vere: Måndag - fredag: 11:00-17:00, laurdag og søndag: 14:00 -17:00
  • Inn til besøk kjem du ved å ringe på døra ved rehab – direkte inngang frå 3. etg (nb! ikkje komme inn hovudinngang ved helsetunet og nytte heisen opp).
  • Besøk kan gjennomførast på fellesareal, men vi anbefaler pasientrom og besøksstova, då det kan vere utfordrande å helde 1- meters avstand til tilsette og andre bebuarar til einkvar tid. Det er mindre risiko for Covid-19 etter vaksinasjon, men det kan ikkje utelukkast heilt.

Gjennomføring av besøk

  • Hugs god handhygiene før, under og etter besøket. Dette gjeld også bebuaren.
  • Held minst 1 meters avstand til den du besøker, tilsette og andre bebuarar, unntak er viss både besøkande og bebuaren er vaksinert, då kan de ha fysisk kontakt. Vaksinerte bebuarar kan også ha nær kontakt med et begrensa tal uvaksinerte besøkande, og de same over tid
  • Du har lov til å ha med gåver, blomar og liknande. Pass på å ha god handhygiene i samband med handtering og overlevering av gjenstandar.
  • Unngå å ta på mange gjenstandar og overflater på rommet. Alle berøringsflater skal reingjerast etter kvart besøk. Personalet kan hjelpe til med dette.
  • Dersom du tek med mat, skal alle utføre god handhygiene før og etter at maten vert servert. De skal bruke eingongsutstyr som skal kastast på rommet etter bruk
  • Ingen besøkande får bruke kjøkena
  • Besøk blir loggført i pasienten sin journal

Etter besøket

  • Dersom du får covid-19-symptom få dagar etter du har vore på besøk, må du varsle helsetunet om dette for å sikre effektiv smittesporing og andre nødvendige tiltak.

Bebuarar på besøk til pårørande utanfor institusjonen

  • Vaksinerte bebuarar som skal på besøk utanfor helsetunet, bør følga gjeldande forskrift, samt nasjonale og lokale smitteverntiltak.

Punkta ovanfor gjeld for besøk til pasientar utan smitte av covid-19. For pasientar med mistanke om eller bekrefta smitte av covid-19, vil andre tilrådingar og retningsliner gjelde.


Telefonar til avdelingane på Aurland helsetun:

Sjukeheim                       45 87 89 70

Rehab                              45 87 90 54

Avdeling for demente       47 45 44 09