Bufelleskap og omsorgsbolig er rekna som den einskilde sin privat heim, det vil si: besøksrestriksjonar i privat heim kan berre besluttas av tenestemottakaren sjøl, eventuelt i samråd med pårørande eller tjenesteyter. Sjølv om ein mottek hjelp av heimebaserte tenester er bufelleskap og omsorgsbolig rekna som privat heim - den einskilde betalar husleige for boligen. Kommunen kan ikkje nekta eller begrensa besøk i – eller adgang til og frå bolig eller rom som det vert betalt husleige for, detta er privat heim.

Når du skal på besøk

  • Avtal besøk i forkant ved å ringja:

Dag: 95 98 46 29
Kveld: 95 17 25 08

  • Bruk hovudinngang ved gamle sjukeheimen – bruk handsdesinfeksjon
  • Skriv ditt namn på besøkslogg, dato, telefonnummer og kven du besøker (dette er for at vi raskt ved ein eventuell smitte kan setje i gang smittesporing)

Hugs tre grunnleggjande råd:

  • Hald deg heima viss du har symptom på luftvegsinfeksjon eller er sjuk
  • Ha god hoste og handhygiene
  • Hald minst 1 meters avstand til kvarandre

Ved eit lokalt smitteutbrudd kan kommunen innføre besøks- og opphaldsrestriksjonar i fellesareal som er knytt til bufelleskap. I detta tilfelle bør kommunen begrensa opphald for besøkande, slik at fellesareal er atterhald bebuarar jf. Helsedirektoratet.

Det er lavt smitte ved Aurland kommune, men vi har mange bebuarar som er i risikogruppen for Covid-19. Av den grunn er fellesareal pr. 11.11.20 atterhald bebuarar. Helsedirektoratet har anbefalinga og lovkrav om kor mange menneske som kan samlas privat. Pr.11.11.2020 maksimalt 5 gjester, men det vert anbefalt å helde seg heima størst mogleg grad og begrensa sosialt kontakt med andre menneska.