Det er sett i verk førebyggjade tiltak for å redusere potensialet for alvorleg skade på kritisk kommunal infrastruktur.  Vi har søkt om midlar og fått tildelt kr 425 000 frå Fylkesmannen i Vestland til flaumgjerde.  Vi har to løysingar for flaumgjerde på 120 m og  80 m. Aurland brannvern har allereie hatt øving i bruk av flaumgjerde og er klare til å mobilisere ved større flaumhendingar. 

Vi har særskild fokus på dei uregulerte vassdraga, småelvar og bekkar. Vi oppfordrar grunneigarar om å gå over eigedomane sine og passe på at bekkar og stikkleidningar er fri for kvist og lauv o.a. Det er også viktig å flytte vekk campingvogner, rundballar osv frå elvebreidda. 

Teknisk eining vurdera situasjonen fortløpande og vi har mannskap i beredskap. Førebelse prognosar syner ein flaumtopp for t.d Flåmsvassdraget rundt 18 juni. 

Ved hendingar ta kontakt med vakttelefon 959 84 600.

Vi viser elles til filmane som NVE har lagt ut under:

Hjelp NVE med å betre varsla deira ved å sende inn observasjonar på regobs.no eller last ned appen i App Store eller Google Play

Følg med på oppdaterte flaumvarsl på varsom.notwitter @varsom_no og abonner på SMS/e-postvarsel