Barnehagesatsar 2019

Kommunestyret fastset barnehagesatsane. Betalinga for eit barnehageår vert delt over 11 månader, der julimånad er betalingsfri.

 
Barnehagesatsar 2019
Heil dag Storleik plass Tid /dagar Tid /dagar Pris 2019
Heil dag 100% plass 5 dagar/veke kl. 07.00 - kl. 16.30 kr 2.990,- pr. mnd
 

Delt plass: %  - vis av heildagsplass.

Søskenmoderasjon:
50% reduksjon for 2. søsken
75% reduksjon for vidare

For fleksibelt barnehagetilbod vert foreldrebetalinga 170,- kr/dag.
Gebyr for sein henting vert kr 160,- . 

Betaling for mat/frukt kjem i tillegg til barnehagesatsane.
 
*Som prinsipp gjeld nasjonal maksimalpris. 

Garantiordning
Frå 1.mai 2015 vart det innført garantiordning for foreldrebetaling. Ingen skal betala meir i foreldrebetaling enn 6% av den samla skattepliktige inntekta til huslyden. 

Aurland kommune administrerer ordninga for alle barnehagebarn som er heimehøyrande i kommunen.

Søknad: Redusert foreldrebetaling skal sendast til:

Vangen barnehage v/ styrar og tenesteleiar eller Flåm barnehage v/ styrar og tenesteleiar 
Vangen 1
5745 Aurland

Legg ved kopi av den(dei) siste sjølvmeldinga(ne).

 

Gratis kjernetid 

”Fra 1. august 2015 har alle 4- og 5-åringer, og barn med utsatt skolestart, som bor i husholdninger med lav inntekt rett til å få 20 timer gratis oppholdstid i barnehage per uke. 

Informasjon om foreldrebetaling:
link kjem 

Spørsmål og svar om dei nye ordningane, og forskriftsendringane:
link kjem 

Søknad: Gratis Kjernetid skal sendast til:

Vangen barnehage v/ styrar og tenesteleiar  eller Flåm barnehage v/ styrar og tenesteleiar
Vangen 1
5745 Aurland

Legg ved kopi av den(dei) siste sjølvmeldinga(ne).

 

 
 
 

 

eFaktura

Få rekninga som eFaktura

Aurland kommune tilbyr eFaktura til sine kundar.

Med eFaktura får du rekninga ferdig utfylt i nettbanken. Du kan sjølv endre beløp og forfallsdato før du godkjenner med eit klikk.

I nettbanken har du full kontroll over betalte og ubetalte rekningar – uansett kvar du er.

 

eFaktura medfører at rekningane vert sendt til deg ferdig utfylt til nettbanken din i staden for i postkassen. Du slepp såleis å bruke unødig tid på inntasting av lange KID- og kontonummer. Du kan gjere eigne endringar før du godkjenner betalinga. eFakturaer som allereie er betalt, ligg tilgjengeleg i nettbankarkivet ditt i 16 månader.

Det vil også vere mogleg å kombinere eFaktura med avtalegiro. Du vil då få faktura med spesifikasjon tilsendt elektronisk til din nettbank, medan trekket vil skje automatisk ved forfall.

Avtale om eFaktura med Aurland kommune teiknar du sjølv i nettbanken din.

For meir informasjon, sjå internettadresse www.efaktura.no  eller kontakt økonomiavdelinga, tlf. 57 63 29 53.