Aurland kommune har to kommunale barnehagar. Desse er Flåm barnehage og Vangen barnehage, ved behov kan personalet bli flytta mellom barnehagane.
Flåm barnehage har to avdelingar. Det er ca. 30 barn frå 1-6 år i Flåm barnehage frå nytt barnehageår 2020.

Barnehagane i Aurland er med i Sogn regionråd sitt program for barnehage- og skuleutvikling. "System for styrka læring". Gjennom utviklingsprogrammet deltek tilsette og leiing i regionale kompetanse- og fagnettverk.

Arbeidsoppgåver ssom ligg til stillinga som barnehagelærar
- deleansvar for vurdering, dokumentasjon og planlegge pedagogisk arbeid
- drifte avdelinga når pedagogisk leiar ikkje er til stades
- vere med å rettleie og følgje opp personalet på avdelinga

Personlege eigenskapar
- vere tydeleg rollemodell
- vere løysingsorientert
- ta initiativ til det daglege arbeidet
- vere fleksibel og open for endringar

Kvailfikasjonar
Minimum treårig utdanning som barnehagelærar. Aurland kommune nyttar nynorsk som skriftspråk. Vi forventar at den/dei som blir tilsett snakkar norsk og kan nytte nynorsk i skrifteleg form.

Løns- og tilsetjingsvilkår
Tilsetjing, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovver, reglement og tariffavtale. Offentleg tenestepensjon.
Det vert kravd gyldig politiattest.

Søknadsprosedyre
Aurland kommune nyttar elektronisk søkjeportal. Sjå "ledige stillingar" og link til søkjeportal for kommunale stillingar på kommunen si heimeside. Dersom du treng hjelp med utfylling av elektronisk søknad kan du ta kontakt med Liv Helene Aalen på telefon 57 63 18 58

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og namnet på søkjar til stilllingane blir offentleg i søkjarliste. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal vera offentleg må du ta kontakt og grunngje dette i søknaden.

Søknadsfrist28.08.20.                 Utlystdato 13.08.20

Kontaktperson
Marianne Christensen, Tenesteleiar FBHG, tlf.: 9156796, marianne.christensen@aurland.kommune.no