I samband med eit strengare personvern vert dørene inn til gangane på rådhuset stengde. Den nye personvernforordninga har strenge krav til handsaming av personopplysningar og skjerming av dette.

Kommunen ynskjer også at sakshandsamarane skal få betre kontroll på arbeidsdagen og dermed auke effektiviteten.

Det medfører at ein må ha avtale for å vere sikra å ha møte med sakshandsamar. Då får sakshandsamaren betre tid til å bu seg for møtet, noko som sikrar rask og kvalitetssikra assistanse. Ein slepp også å måtte reise heim med uforretta sak dersom ein sakshandsamar ikkje er tilgjengeleg. Det er også mogleg å møte opp og sjekke om sakshandsamar likevel kan ta i mot. Men som sagt - ved å ha avtale er ein sikra å treffe sakshandsamar og vi ber om at flest mogleg føl denne anbefalinga.

Det vert også innført eit digitalt besøkssystem. Det betyr at ein klikkar på skjermen og registrerer seg samt kven ein har avtale med. Det er mogleg å få hjelp med registreringa om ein treng det. Når ein har registert seg får sakshandsamar SMS med beskjed om at besøket venter.  

Digitale besøkssystemet vert sett i drift 5. februar.
Låsing av dørene skjer den 24. februar.

Kontaktinfo til tilsette finn ein på heimesida til kommunen under «Kontakt oss» → «Tilsette». Ring gjerne direkte til sakhandsamar.