Songlaget vart skipa i 1909, og deira fyrste opptreden var i kyrkja 1. juledag. Åra som følgde etterpå var koret eit fast innslag på gudstenesta 1. juledag. Koert har for det meste vore aktive i desse åra. Frå den gongen og fram til i år har dei gleda oss i kommunen og rundt i nabokommunane. Dei stiller velvillig opp og er med på så mange arrangement dei kan. Det er me i kommunen veldig takknemlege for.

i 1991 toppa det seg når Per Gomperud var dirigent, for då var det 56 songarar i koret. Dei reiste på stemne i Vik med Beatles prosjektet. Då var dei band med blåsarar og solistar, og det var revolusjonerande. Dei fekk blanda merksemd. Aurland Songlag har vore på mange stemner i Sogn og Fjordane, og i Aurland har dei arrangert 3 stemner.

Aurland Songlag har vore saman med Lærdal Songkor nokre år, men 100 års jubileumet vart eit vendepunkt for songlaget. Då tromma Ivar Ohnstad saman eit jubileumskor på 20 songarar, og det vart vedteke at dei skulle fortsetja som eit eige kor. 100 års markeringa med konsert, middag på Sognaporten og fyrverkeri var ei viktig og flott markering.

Koret har ei fin blanding mellom unge og vaksne, studentar og gamle travarar. Fellesnemnaren er songglede, folkehelse og ivaretaking av ein viktig kulturarv. Kormedlemmane nemner spesielt dei hyggelege øvingane deira som er sosiale og trivelege, og som føregår i AIS på onsdagar frå kl 19-21. Dei seier at dei vil gjerne invitera fleire til å komma på øvingane og bli ein del av songlaget, så de er alle hjarteleg velkomne dersom de ivrar for song, likar å syngje eller berre rett og slett har ein songfugl i magen! Dei kan også opplysa om at det ikkje er opptaksprøve....

2019 hadde aurland Songlag ei stor markering, for då var koret 110 år. Det var høg aktivitet med mange arrangement. Talet på medlemmar var då 35 songarar. Ingen har vore med så lenge som 110 år av desse, men Olav Johan Ellingsen har vore med samanhengande i 40 år. Fleire har vore med i koret i lang tid. Det er eit stort aldersspenn i koret. Det er alt får 20 til 80 år. Det er heile tre personar som fyller 80 år i 2021.

Aurland kommune er stolte over å kunne heidre innsatsen til Aurland Songlag med Aurlandsprisen for 2020

Bilete er teke av Bjørn Sølsnæs - Sogn Avis