Musikkens venner i Flåm har vore aktive i over 60 år. Dei stod på for skulemusikken gjennom dei tiåra dei var aktive, og dei har stått på ved Flåm Musikklag sine mange arrangement på ein slik måte at både bygdefolk og besøkjande har funne fram dei mest rosande orda.

Når musikklaget har skipa til bygdefestar, jonsokfeiring, hatt korpsbesøk, seminar, og dei siste åra invitert til hyggjekveld innunder jul, stiller Musikkens venner opp med den flottaste oppdekkinga. Dei held elles årlege basarar til støtte for musikklaget. Dei organiserer og transporterer. Det er førearbeid, gjennomføring og etterarbeid. Gjennom alt dette skapar dei også eit godt sosialt klima. Dei har vore og er ein grunnpillar for musikklaget.

Dei får prisen for den store frivillige innsatsen deira gjennom mange år. 

Gratulerer!