Styringsgruppa

Aurland trafikk og parkering - status og vidare framdrift

Prosjektet har som mål å sikre ein organisering tilpassa parkering som strategisk og styringsmessig vertktøy for å ivareta ein framtidsretta og heilskapleg parkeringspolitikk. 

Det er mål om å redusera personbilbaserte arbeidsreiser i kommunen, redusera parkeringsbehovet og finne ein optimal balanse mellom ulike transportløysingar før etablering av nye parkeringsløysingar. Kommunen ynskjer gjennom prosjektet å legge til rette for at bygdesentruma skal vera attraktive og aktive område for handel, rekreasjon og opphald, både for fastbuande og tilreisande gjester. Ved å sentralisera parkeringa i sentrum vil det vea mogleg å få ei meir effektiv arealutnytting, og ein kan forsvare å investere i større parkeringsstruktur. Dette vil frigje areal i sentruma til andre føremål. 

Prosjektgruppa gjennomførte arbeidsmøte 24.06.2020 om parkeringstrategi og organisasjonform for parkeringsregulering i Aurland kommune. Les referat frå sist møte her.

Prosjektgruppa har gjennomført fleire arbeidsmøter i prosjektet. Det ligg til rette for at kommunestyret får framlagt framlegg til parkeringstrategi og organisasjonsform for vedtak på hausten 2020.  Formannskapet og kommunestyret fekk siste oppdatert styringsdokument(prosjektplan) for prosjektet som referatsak, på møter 04.06.2020 og 18.06.2020. 

Forprosjekt frå politisk sakskomite, av april 2019, kan du laste ned her.

Sentralt styringsdokument for prosjektet kan du lese her.

Milepælar:
1. Konklusjon i høve organisasjonsform og parkeringssrategi for handheving av parkeringsregulering, hausten 2020.
2. Forskrift og delegert mynde, hausten 2020.
3. Forankring i planar, normer og budsjett, desember 2020.

Prosjektgruppa, valt av kommunestyre, følgjer prosjektet som fokus- og referansegruppe, og fungera som ein viktig støttespelar for administrasjonen i val av strategiar/tiltak. 

Formannskapet er prosjektstyre i prosjektet.

Kontaktinformasjon

Aurland kommune
sentralbord:

Tlf. 57 63 29 00 
SMS 95 98 46 49

Teknisk vakt utanom kontortid:
95 98 46 00

Beredskap

Besøksadresse:
Vangen 1

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland