Aurland Ressursutvikling AS

Aurland Ressursutvikling AS er eit utviklingsselskap i Aurland kommune som er eigd av:
Aurland kommune – 40%
SIVA Eigedom Holding AS  47,4%
Aurland Sparebank  12,6%. 

Selskapet har ein aksjekapital på kr 49.150.000, og er engasjert i utviklinga av Flåm som reisemål. På kort sikt er selskapet si viktigaste oppgåve å medverka til oppbygginga av merkevara Flåm og naudsynt infrastruktur for å få til ein attraktivitet i ein konkurranseutsett marknad. På lengre sikt skal selskapet i tillegg driva forvalting av eigedomar og medverka til utvikling av forretningsverksemd knytta til anlegga som er utvikla, og miljøet kring desse. Dette skjer gjennom dotterselskapa.

Avtalar ved Rådhuset

Vi vil oppmode alle om å bestille timeavtale med sakshandsamar før ein kjem innom Rådhuset. Då får sakshandsamaren betre tid til å bu seg for samtalen noko som sikrar rask og kvalitetssikra assistanse. Ein slepp òg å måtte reise heim med uforretta sak dersom ein sakshandsamar ikkje er tilgjengeleg.