NAV Aurland sine kontor på rådhuset vert òg omfatta av dette. Nav oppmodar om at tenestemottakarar tek kontakt elektronisk via nav.no på innloggingssida.

Tenestene vil bli drifta som normalt, men vi oppmodar sterkt om at dei som skal kontakte kommunen nyttar telefon eller e-post. Det vil framleis vere mogleg å kome innom rådhuset etter avtale, men avtal gjerne møter på Skype eller telefon i staden. Ta kontakt med sentralbordet ved spørsmål tlf. 57 63 29 00.

Me ber om forståing for at kapasiteten til å ta imot besøk vert redusert då tilsette på rådhuset kan bli sett på heimekontor i ein periode framover.

Kontaktinformasjon til tilsette finn ein på heimesida til kommunen under «Kontakt oss» → «Tilsette». Ring gjerne direkte.