Kommunen veit ikkje før nokre få dagar i forkant, kor mange vaksinar vi får. Så langt får vi 10 vaksinar i veke 1 og 5 vaksinar i veke 2. Ut i frå dei nasjonale meldingane,  kjem fleire vaksinar til kommunen i februar. Då også andre typar vaksine.

Siste oppdatering kring sjukdomar som gjer at ein vert vurdert å være i risikogruppe ligg her:

https://www.fhi.no/sv/vaksine/koronavaksinasjonsprogrammet/hvem-kan-fa-koronavaksine/

 

Koronatesting

Ynskjer du å ta koronatest så må du ringe legekontoret på telefon 57 63 29 99. Eller sende melding via appen helserespons. Legekontoret tek imot bestillingar fram til kl. 11.00. Vi har ikkje drop-inn.

Testinga skjer på baksida av Fjordsenteret, mot småbåthamna kl. 12.30. Ved kontakt etter kl. 11.00, vert det sett opp testing neste dag.

Guri Olsen

Tenesteleiar Helse og Førebygging.