Me minner om at du ved behov for fysioterapi bør bestille time hjå lege og be legen sende henvisning til oss. Du kan ringa oss i tilfelle du har fått henvisning eller epikrise sjølv (for eksempel frå sjukehus), eller om du har andre spørsmål.

Ved oppsetting av time vil fysioterapeuten stilla ein del rutinespørsmål for å avklara risikoen for smitte, og for å kunne vurdera om fysisk oppmøte er forsvarleg. Me kan også tilby oppfølgjing via telefon og videokonsultasjon.

Du skal ikkje møte til time og heller ikkje ta imot heimebesøk dersom du;

  • har luftvegssymptom som feber, hoste eller tungpust
  • har forkjøling eller annan sjukdom
  • har påvist eller mistenkt koronasmitte
  • har vore i nærkontakt med ein som er smitta eller mistenkt smitta
  • er i karantene eller isolasjon
  • har vore på reise i utlandet dei siste 14 dagane

Ikkje møt opp i lokalene våre utan avtale.

Ved spørsmål, ta kontakt på telefon 57 63 20 20 (Kommunetorget i Aurland kommune) og legg att beskjed til oss. Me ringer deg tilbake så snart me kan.

Sjå også: https://helsenorge.no/koronavirus

                 https://helsenorge.no/coronavirus (engelsk)