Hovudtyngda av nebør er venta å kome onsdag ettermiddag og kveld. NVE har oppjustert farevarsel om flaum og jordskred til oransje nivå. Dette er det nest høgaste farenivået NVE opererer med – og me ber difor om at folk førebur seg på at det kan verte flaum, med tilhøyrande følgjeskader som jordskred.

Vi har særskild fokus på dei uregulerte vassdraga, småelvar og bekkar. Vi oppfordrar grunneigarar om å gå over eigedomane sine og passe på at bekkar og stikkleidningar er fri for kvist og lauv o.a. Det er også viktig å flytte vekk campingvogner, rundballar osv frå elvebreidda. 

Teknisk eining vurdera situasjonen fortløpande og vi har mannskap i beredskap.

Ved hendingar ta kontakt med vakttelefon 959 84 600.