24. nov. 2020 kl. 16:47 11. mars 2020 kl. 12:48

Informasjon om Korona-pandemien

Me oppmodar alle om å halde seg oppdatert og følgje nasjonale råd og føringar.

Les mer
Bilete: Dyrdalselvi, fotograf Arild Dyrdal

Auka beredskap - gult farevarsel for flaum i helga

Aurland kommune opprettheld auka beredskap gjennom helga på grunn av varsel om store nedbørsmengder. Flaumen tidlegare i veka gjorde skade på elvebreidder fleire stadar i kommunen og desse stadane er no utsett for auka vassføring. 

Hald deg oppdatert om situasjonen og følg godt med der kor det har oppstått skade på elveforbyggingane og der det har vore mykje massetransport i elva, under flaumen tysdag og onsdag.

Sikre og flytt verdiar bort frå utsette område. Rens stikkrenner, kummar og andre vassvegar for snø/is, jord og grus, kvist og lauv, slik at vatnet kan renna uhindra der det vanlegvis renn. Hald deg unna elvar og bekkar med stor vassføring.

Teknisk eining vurdera situasjonen fortløpande og vi har mannskap i beredskap.

Ved hendingar ta kontakt med vakttelefon 959 84 600. 

 

 

 

 

Kontaktinformasjon

Aurland kommune
sentralbord:

Tlf. 57 63 29 00 
SMS 95 98 46 49

Teknisk vakt utanom kontortid:
95 98 46 00

Beredskap

Besøksadresse:
Vangen 1

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland