Kommunevåpen Aurland kommune

Assistentar i brukar sin heim

Me har ledig inntil to 100 % stillingar i ei ny BPA-ordning, stillingane er ledig frå snarast. Ordninga er under etablering, og vil starte frå april 2020. I tida før oppstart av ordninga vil ein få tilbod om opplæring slik at ein kan gå inn i ein arbeidsplan frå april 2020.

Brukar er ei glad og positiv jente på 16 år. Ho har ein psykisk utviklingshemming, ryggmargsbrokk og er rullestolbrukar. Ho treng assistanse til ulike gjeremål gjennom dagen. Arbeidet går ut på å assistere brukar i alle gjeremål der ho trenger det. Du vil vere ein av fleire som jobbar i eit team rundt brukaren. Det vil vere nært samarbeid med brukar og brukars pårørande. Du vil få opplæring i nødvendige prosedyrar og bruk av diverse hjelpemiddel.

Det vil bli vakter på kvardager på dag- og kveldstid, og helg i medlevarturnus. Assistentane føl brukars behov for assistanse, og i periodar kan det difor bli aktuelt å jobbe til andre tider, samt høgtid.

Søknadsfrist 12.12.19.


Fullstendig stillingsutlysing og elektronisk søkjeportal

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Aurland kommune
sentralbord:

Tlf. 57 63 29 00 
SMS 95 98 46 49

Teknisk vakt utanom kontortid:
95 98 46 00


Beredskap

Besøksadresse:
Vangen 1

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland