GENERELT

Omtale
Skal du overføre areal mellom tilstøytande matrikkeleiningar (eigedommar), kan arealoverføring vere ein aktuell prosedyre. Arealoverføring opnar for å overføre større areal mellom to eigedommar enn kva som er mogleg ved ei grensejustering. Ei arealoverføring krev at ein har halde ei oppmålingsforretning der grensene for dei aktuelle eigedommane er klarlagde og beskrivne. Derimot slipp du å opprette ein eigen grunneigedom, tinglyse skjøyte og slå saman eigedommane. Arealoverføring skal registrerast i matrikkelen (det offisielle registeret over fast eigedom), og kommunen skal sørgje for tinglysing.

Målgruppe
Eigar av grunneigedom, anleggseigedom eller registrert jordsameie

Kriterium/vilkår
Det må liggje føre eit løyve frå kommunen til arealoverføring etter plan- og bygningslova. Nødvendige erklæringar om overdraging av eigedomsrett, pantefråfall og konsesjonar for det aktuelle arealet må òg liggje føre. 

Pris for tjenesten
Kommunestyret fastset storleiken på gebyret. Gebyret kan ikkje setjast høgare enn det som kjem fram av sjølvkostprinsippet.

OM SØKNADSPROSESSEN

Rettleiing
Partane er ansvarlege for å skaffe nødvendige erklæringar og sender alle nødvendige dokument samla til kommunen. Selgjaren skal godtgjere at oppgjersform er avtalt og at oppgjeret er sikra. Ta eventuelt kontakt med ein advokat eller eigedomsmeklar for å få bistand.

Søknadskjema

Elektronisk søknadskjema
Søknadsskjema i pdf.

Handsamingstid
Når det ligg føre eit endeleg vedtak etter plan- og bygningslova, skal kommunen ferdigbehandle saka (medrekna å fullføre matrikkelføringa) innan 16 veker dersom ikkje annan frist er avtalt.

Handsaming av søknad
Kommunen innhentar nødvendige opplysningar og gjennomfører oppmålingsforretning med arealoverføring etter endeleg vedtak etter plan- og bygningslova. Det blir skrive ut eit matrikkelbrev som sendast til rekvirenten.

Høve til å klage
Klagefristen er tre veker og går frå det tidspunktet du har motteke matrikkelbrevet eller melding om føringa i matrikkelen. Både heimelshavarar, eigarar og festarar som avgjerda har noko å seie for, kan klage på arealoverføringa. Du sender klagen til kommunen, som òg kan gje rettleiing. Dersom kommunen lar avgjerda bli ståande, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal takast til følgje.