Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
28. april 2022 kl. 15:05

Informasjon om Korona-pandemien

Me oppmodar alle om å halde seg oppdatert og følgje nasjonale råd og føringar.

 

Les mer

Arbeid med ny Samfunnsdel

Vidare arbeid med samfunnsdelen

Administrasjonen arbeider no med å utarbeide høyringsutkast. Målet er å leggje ut planen på høyring før sommaren og vedta planen i løpet av hausten 2022. 

Her er innspela frå dykk

I den første innspelsrunden til samfunnsdelen fekk me inn rundt 50 innspel, der halvparten var frå einingane i kommunen og halvparten var frå innbyggjarane og overordna myndigheiter. Nedanfor ser du eit samandrag av alle innspela fordelt på tema. 

Framover skal administrasjonen arbeide med eit utkast til ny samfunnsdel. Neste høve til å gje innspel er når planen blir lagt ut på høyring.

Lysbilde1

Møt oss på butikken - for å gi innspel til samfunnsdelen

Du kan møte oss på butikken på tysdag og laurdag for å gi innspel, stille spørsmål og få informasjon om korleis du kan bidra i arbeidet med samfunnsdelen.

Tysdag 2.feb kl.15-17: Undredalsbui og framføre Coop i Flåm

Laurdag 6.feb kl.12-14: Joker Gudvangen og framføre Spar på Aurlandsvangen

Illustrasjon frå Distriktssenteret.no

Innspel til samfunnsdelen

Du kan sende inn innspel ved å svare på spørsmåla nedanfor eller sende inn generelle innspel.

Illustrasjon frå Arendalsfolk.no

Har du meining om framtida til Aurland? Slik kan du bidra

Aurland kommune har starta arbeidet med samfunnsdelen til kommuneplanen. Samfunnsdelen styrer samfunnsutviklinga til kommunen dei neste tolv åra og derfor ønskjer me at så mange som mogleg bidrar i planprosessen. Her kjem informasjon om korleis du kan bidra.

Medverknad

Oppstart av arbeidet med samfunnsdelen

Arbeidet med samfunnsdelen starta opp i september. I første omgang vart det arbeida med planprogrammet, mens no er det fokus på planlegging av opne møte og det er starta på nødvendige utgreiingar. 

Framdriftsplan

Korleis gje innspel til samfunnsdelen

Samfunnsdelen styrer samfunnsutviklinga til heile kommunen og det er derfor viktig at alle, både innbyggjarar, lag og organisasjonar, næringsliv, politikarar og andre aktørar deltek i utforminga av planen.  

Medverknad

Samfunnsdelen til kommuneplanen

Kommuneplanen er kommunen sitt overordna styringsdokument. Den skal styre samfunnsutviklinga dei neste tolv åra. Kommuneplanen blir delt inn i ein samfunnsdel og ein arealdel. 

Oversikt over kommunalt plansystem