Vanleg akutthjelp er for klinikkane sine pasientar som har rett på offentleg tannbehandling. Dette gjeld først og fremst: 
  • barn og ungdom til og med det året dei fyller 18 år 
  • psykisk utviklingshemma i og utanfor institusjon 
  • eldre, uføre og kronisk sjuke med opphald i somatiske/psykiatriske institusjonar som sjukeheim, aldersheim og sjukehus 
  • pasientar som mottek heimebaserte tenester 
  • ungdom som fyller 19 eller 20 år i behandlingsåret
Vaksne, friske pasientar som har sin eigen private tannlege skal ringe dit for eventuell akuttbehandling, og ikkje til ein offentleg klinikk.