Aktivitetsoversikt

I forbindelse med oppstart av frisklivssentral i Aurland kommune hausten 2019 er treningskontakt/aktivitetsrettleiaren i gang med å lage ein oversikt over aktivitetstilbod som er i kommunen. 

Frisklivssentralen skal ha oversikt og kjennskap til relevante tilbod, og lede vidare til desse når det er aktuelt. Dette kan være tilbod i regi av frivillige lag og foreiningar, brukarorganisasjonar, likemannstilbod, andre lærings- og meistrings tilbod og tilbod som gis av offentlege og private aktørar.

Har du eit aktivitetstilbod i kommunen og ynskjer å vere med på å bidra til eit godt samarbeid? Ta kontakt med Anna Martine Jonsson på mail: anna.martine.jonsson@aurland.kommune.no

 

Frisklivssentral
Frisklivssentral
Tips ein ven Skriv ut