Vokalise - konsert med Bodil Rørtveit

Songaren og komponisten Bodil Rørtveit inviterer til Vokalise for den blå planeten. Vokalise betyr song utan ord. Dette er ein poetisk og meditativ konsert – ein hyllest til naturen og planeten vår, skogen, havet og fjellet. Bodil ønskar å skape rom for ettertanke og ny inspirasjon gjennom langstrakte melodilinjer og lydlandskap inspirert av vakker og storslått natur. Ho utnyttar si fleksible stemme og skapar eit vokalorkester med sin Loop Station.

Saman med regissør Ingrid Askvik utvikla Bodil denne konserten til Bergen Kirkeautunnale i 2021. Dei utnyttar heile rommet som konsertarena. Bodil sin musikk er inspirert av tidlegmusikk, folkemusikk, fuglar og andre naturlydar.

Bodil Rørtveit har dei siste åra gjort seg bemerka som ein uttrykksfull songar med stor stemme. Ho ønskar å inspirere og skape tilhørighet og har ei leikande haldning til musikken. Ho har samarbeida med store institusjonar i Bergen, som Bergen Filharmoniske Orkester og Festspillene i Bergen og har fått gode kritikkar på prosjekta sine. Bodil underviser også i jazzvokal ved Griegakademiet.

Medvirkande:
Songar/komponist/live looping: Bodil Rørtveit
Lyddesign: Thorolf Thuestad
Regi/dramaturgikonsulent: Ingrid Askvik
Produsent: Syv mil AS ved Hjørdis Steinsvik
Billettinformasjon:
Billettpris er 250 kr for vaksne og 100 kr for dei under 16 år.

Arrangør: Bodil Rørtveit
: Vangen kyrkje
Tid: fredag 29. september 19:00
https://syvmil.ticketco.events/no/nb/e/kon...